Dette seier Lars Lunde, som dreiv ølmonopol på Nordfjordeid frå 1994 til 2004, og som no reagerer kraftig på at det politiske fleirtalet i Eid, på kommunestyremøtet kommande onsdag, truleg ikkje kjem til å endre opningstidene for sal av øl og andre alkoholhaldige drikkevarer med ein alkoholprosent under 4,7 prosent, sjølv om fleire av dei som røystar mot eigentleg er for å utvide opningstidene.

− Det dei burde gjere, var å tilpasse opningstidene i Eid ut frå det som er i dei andre kommunar i Nordfjord.

− Slik var det før også

− Eg kjenner att debatte frå den tida eg driv ølmonopolet på Nordfjordeid. Den gongen var det butikksal av øl både i Stryn, Måløy, Volda og på Bryggja. Rakk ikkje folk å handle på ølpolet på Nordfjordeid, køyrde dei gladeleg nokre mil for å handle i nabokommunane. I 2016 burde dette vere heilt unødvendig å la ufornuften råde, seier Lars Lunde til fjordabladet.no.

For men røystar mot

− Eg har høyrt at Tore Hjelle, sentral høgrepolitikar i kommunestyret i Eid, seie at han eigentleg er for å utvide salstidene for sal av øl og andre alkoholhaldige drikkevarer i butikk, men at han røystar mot. Slik eg ser det, blir dette politiske vedtak utan fornuft. Eg er overtydd om at fleirtalet i befolkninga er einig med meg i dette, seier Lunde.

Største handelssenteret

− Nordfjordeid har vore, og er det største handelssenteret i regionen. Handelsstanden er i ferd med å utvikle, utvide og skape endå fleire arbeidsplassar som vil styrke Nordfjordeid som handelssenter. I ein slik situasjon er det mildt sagt uheldig at politikarane sender, akkurat som det var for mange år tilbake, folk ut av kommunen for å handle. Turistar som kjem til bygda reknar også med at salstidene for denne type varer er dei same som der dei kjem frå. Eg skjønar godt at menge løftar på augnebryna når dei får beskjed om at i Eid kommune er det annleis.

Partipolitiske avtalar

− Trur du at det ligg avtalar mellom ulike politiske parti i botnen, og at det er bakgrunnen for at ein del politikarar røystar mot noko dei eigentleg er for?

− Det kan virke som om det er slike avtalar, ikkje minst ut frå det Tore Hjelle seier. Altså at han kjem til å røyste mot noko han er for. Det er ikkje usannsynleg at det er parti som har ein representant som har inngått avtale om å vere med utgjere fleirtal i andre saker, mot at partiet får støtte for sitt syn i ei sak som dette, seier Lars Lunde som har svært lite sans for denne form for partipolitisk hestehandel.

− Iallfall så lenge at det «kunstige» politiske fleirtalet let politisk tikk takkeri gå føre omsynet til dei som skaper arbeidsplassar, driv næring og bidreg til å utvikle kommunen, seier han.