Halloween, eller allehelgensaftan på norsk, er eigentleg 31. oktober. Då er det vanleg at folk i alle aldrar (kanskje helst barn) kler seg ut i skumle kostyme og går frå dør til dør, ringer på, og ropar knask eller knep.

Men Halloweenfeiringa er allereie i gong. Stårheim arrangerte allereie fredag kveld ei feiring i ungdomshuset Fram.

I Selje skal det vere eit arrangement på tysdag 31. oktober. Det skal det også vere på Hjelle skule.

Send oss gjerne dine bilde frå Halloweenfeiringa, anten du har pynta litt ekstra, om du har deltatt på eit arrangement eller arrangerer noko, eller om du eller barna skal gå knask eller knep.

Bilda kan gjerne sendast til olin.yri@fjordabladet.no eller redaksjon@fjordabladet.no. Legg gjerne ved ein bildetekst og fotograf.

Du kan også bruke #fjordabladet på Instagram.