– Har du russ i huset? Pass på at ho eller han kjem på kontroll hos oss, slik at vi får sjekka om bilen eller bussen dei skal bruke i russetida er trafikksikker, oppmodar Øyvind Lund i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Blir bilen godkjend, får han ein oblat i frontruta. Med denne oblaten, unngår russen større teknisk kontroll langs vegane i mai. Blir ikkje bilen eller bussen godkjend på gratiskontrollen, får ungdommane vite kva dei må rette opp for å rulle trygt gjennom russetida.

(©NPK)