I dag arrangerer Barnekreftforeininga «FotballtrøyeFredag».

Dei oppfordrar alle til å ha på seg ei fotballtrøye for å vise si støtte til barn og unge med kreft.

Konseptet er så enkelt at man tar på seg den fotballdrakta man ønsker, og vippsar eit valfritt beløp til foreininga.

Markerer du dagen på jobb, skulen eller heime?

Send inn dine bilde med fotballtrøye på, til redaksjon@fjordabladet.no så publiserer vi fortløpande under!

Under kan du også sjå bildeserie frå då politikarane i Stad kommunestyre møtte opp på kommunestyremøte med fotballdrakter.

Ståle Sandal fekk seg ein god latter då initiativtakar Ole-Mathias Nes drog fram Heia jakka for bildet. Foto: Joakim Vedvik
Det var ein fargerik gjeng som deltok på fredagens kommunestyremøte i Stad rådhus. Foto: Joakim Vedvik
Harald Sivertsen, kommunalsjef for opplæring og integrering hadde fått på seg ei klassisk Norsk landslagsdrakt. Foto: Joakim Vedvik
Stadlandet idrettslag var godt representert med fleire drakter. Foto: Joakim Vedvik
Fotballdrakter frå Selje, Arsenal, Brasil, Inter, Nederland og Liverpool utgjorde ein fin fargemiks på dette bordet. Foto: Joakim Vedvik
Ådne Reidar Nes Kleppe hadde på seg ei Manchester United drakt frå tidleg 2000-talet. Foto: Joakim Vedvik
Meir Stadlandet. Foto: Joakim Vedvik
Ole-Mathias Nes i Molde drakt for anledninga. Foto: Joakim Vedvik
På dette bordet fann vi drakter frå Stoke, Sogndal, Molde, Tyskland, Liverpool og Stadlandet. Foto: Joakim Vedvik
Berre Selje og Stadlandet på dette bordet. Foto: Joakim Vedvik
Litt rolegare rundt bordet her enn det var i lokaloppgjeret mellom Selje og Stadlandet på tysdag. Foto: Joakim Vedvik
Paul Jacob Helgesen ikledd ein tysk klassikar. Foto: Joakim Vedvik
Harald Sivertsen og Jon Frogner. Foto: Joakim Vedvik
Kommunedirektør Kristine Dahl i Eid fotball drakt. Foto: Joakim Vedvik
Ståle Sandal og Tor Andre Myrstad i heftig taktikkprat. Foto: Joakim Vedvik
Heile kommunestyret sto samla i kampen mot barnekreft fredag. Foto: Joakim Vedvik