Arrangører er fjelltrimgruppa til Stadlandet IL, og dei trur det var rekordoppmøte på årets nissemarsj i år, då det vart delt ut 60 medaljar til barna.

Skulemusikken stilte opp og sette tonar på førjulskvelden. Foto: privat
Skulemusikken stilte opp og sette tonar på førjulskvelden. Foto: privat

– Med snø og klarvêr som bakteppe kunne ikkje årets nissemarsj bli meir stemningsfull og fin. Tusen takk for Okla-fondet som sponor slik at arrangementet blei gratis for alle. Tusen takk til Fru Inga som leverte skillingsboller og kakao. Takk til skulemusikken som spela så fint og til Grendahuset for lån av paviljongen, fortel Siv Monja Sjåstad, leiar i fjelltrimgruppa i Stadlandet IL.

Foto: privat
Tre fornøgde nissar på nissemarsj på Stadlandet laurdag. Foto: privat
Foto: privat

Fleire gode hjelparar var også i sving for å få arrangementet vel gjennomført og som skapte god førjulsstemning i Korsen - slik som Sølvi Hatlelid og Morten Sjåstad Larsen som hjelpte med å rigge, lage gløgg, servere, dele ut medaljar og rydde.

Klarvêr og fint då rekordmange stilte på nissemarsjen på Stadlandet laurdag. Foto: privat