Det var fredag ettermiddag at politiet fekk melding om påkøyrselen.

– Barnet er noko skada og med smerter, men var oppegåande. Vert frakta til sjukehus. Foreldre var også på staden, opplyser Vest politidistrikt.

I følgje Firda Tidend vart guten frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Føraren av bilen har fått førarkortet sitt rutinemessig beslaglagt, men det er ikkje mistanke på rus.