– Då vert det rømmegraut på fjellet, lovar Tone Hoddevik Drage i Stadlandet IL.

Har fått namn

– Folket har talt, den skal heite Havglimt, seier Lars-Helge Honningsvåg i Stadlandet IL.

Hytta er bygd av Stad kommune og Stadlandet IL er tilretteleggar/drift. Den vart heist på plass med helikopter i førstninga av juni. Sjølve utflyginga vart gjort av Tomas Haaland i Fjord helikopter.

Siste dagsturhytta

Dette er dagsturhytte nummer 60 som er produsert av Stad Kystbygg.

– Kjekt med eit slikt oppdrag i nærmiljøet, konstaterer dei. Siste vekene før opning er nytta til å ferdigstille hytta.

– No vert det både dagsturhytte med terrasse og utedo. Sjølve opninga vert 7. juli under Sommaraktive Stadt, fortel Honningsvåg.

Angra

Då det var spørsmål om kvar dagsturhytta skulle kome i gamle Selje kommune, vart det Risnakken i Selje som vart valt.

– Vi sov litt i timen den gongen, og det angra eg på. Så fann vi ut at vi kunne byggje ei dagsturhytte sjølve. Så viste det seg at Sparebankstiftinga ikkje ville gå inn med midlar om ikkje kommunen var med. Etter kvart vart kommunen kopla inn, og dei står no som eigar og overtok som byggherre. Seinare har vi fått midlar frå fleire stadar, også Oklafondet og tippemidlar, seier Honningsvåg.

Namneval

Kva hytte skal heite har vore diskutert nøye. – Det kom inn 30 forslag til namn, fem av dei vart valt ut. Folket har landa på Havglimt, som ligg i Lia på Stadlandet, fortel Honningsvåg.

Dette er den tredje dagsturhytta i Stad kommune. Dei to andre er på Riksnakken i Selje og på Naustdalskamben ved Nordfjordeid.