Kva ein pyntar med på do er ulikt får heim til heim.

Vestkapp Restaurant ligg på Norges vestlegaste fjellplatå, og her har drivar og kokk Kristina Leknesund Myrseth leika seg litt med pynten.

– Frå gammalt av så pynta ein gjerne do med kongelege bilete. Eg tenkte at eg ville ha med kvinner, og pynte med nokon som er dronning for meg. Ingrid Espelid Hovig er alle kokkar si dronning og eit stort førebilete, fortel Myrseth.

Og dermed prydar Ingrid Espelid Hovig doen på Vestkapp. Ho har godt følgje av sjølvaste Trude Drevland.

– Trude er dronninga på Vestlandet. Ho er ei kul dame med bein i nasen. Eg spurte henne om det var greitt å henge bilde av ho på do her ute på Vestkapp, og fekk ja til det. Ho sende også eit bilde, som eg har hengande på herredoen, seier drivar Myrseth på Vestkapp.