Trafikkulykka skjedde ved midnatt på sørsida av Ospelidtunnelen i Stryn. Det var ein bil med ein person som var involvert i ulykka.

Skadeomfanget er ikkje kjent, men mannen var vaken og bevisst då helsepersonell kom til staden, opplyser Vest politidistrikt til NRK.

Sjåføren skal ha vorte frakta med luftambulanse til sjukehus.

Politiet opplyser til NTB at sjåføren sannsynlegvis ha fått ein sladd i ein sving. Bilen har treft eit skilt og hamna utfor vegen og ned ei skråning.