Namn: Sven Erik H Midthjell
Fødd: På Nordfjord Sjukehus for 34 år sidan
Utdanning: Politihøgskulen og idrettsutdanning
Yrke: Etterforskingsleiar
Sivil status: Sambuar med Therese
Barn: Erik på ni månader
Bur: Bergen vest
Bil: Volvo
Husdyr: Kan bli aktuelt seinare
−Kvifor har du valt å bu i Bergen?
−Det begynte med at eg fekk jobb i Bergen etter avslutta utdanning. Det er dessutan praktisk for meg med ein større flyplass i nærleiken, ettersom eg reiser mykje i samband med fotballdømminga.
−Kva skulle du bli då du var 14?
− Nei det hugsar eg faktisk ikkje.
−Kva er draumejobben for deg?
−Ikkje så langt frå den eg har i dag som etterforskingsleiar.
−Kva gjer du helst på fritida?
−Er saman med familien, driv med trening og jakt og fiske.
−Kva er favorittserien din på TV?
−Heilt klart «Helt perfekt» med Thomas Gjertsen som har gått på TVNorge sidan 2011.
−Har du ein favorittartist?
−Det irske popbandet U2 som sidan 80-talet har vore eit av verdas mest populære band.
−Kva er ditt favorittreisemål i sommarferien?
−I sommarferien må eg heim til Eid for å gå i fjellheimen med fiskestang og telt i sekken.
−Korleis finn du «den store roa»?
−Eg har som regel bra med ro i sjela, men kaffi kokt på primusen ein sommarkveld slår alltid godt an.
−Kva diskar du opp med på venefest?
−Det må bli «viltaften».
−Kva er det sprøaste du har gjort?
−Det er å dømme den norske cupfinalen i 2012 og kvartfinalar i Champions League.
−Er det noko du angrar på ?
−Har vel gjort nokre feil eg og, som andre fotballdommarar, men det er sikkert allereie gløymt av dei involverte, håpar eg.
−Kva synest du om heimplassen din Eid?
−Eg synest at det alltid er godt å komme heim til foreldre og familie på Eid. Det er ei bygd i endring, som stadig har noko nytt å by på.
−Lengtar du nokon gong tilbake til Eid?
−Gjer nok det innimellom, særskilt under hjortejakta om hausten.
−Kva meiner du om kommunesamanslåinga Eid – Selje?
−Det overlet eg til eidarane og seljeveringane.
−Kva trur du om livet ditt om ti år?
−Kanskje vi då har funne draumehuset på Eid.
−Er det noko spesielt som har opptatt deg i det siste?
−Ja, småbarnslivet. Eg er midt i pappaperm og nyt dagane saman med Erik.
−Kva er det verste du veit?
−Cola med vaniljesmak.
−Kva har du på nattbordet?
−Alarmklokke og leselys