Både Nordfjordeid skulekorps og drilljentene sette stemninga ved opninga av det nye Amfi Nordfjord. Og like etter at snora falt, strøymde folk inn dørene for å ta det nye senteret i augesyn. Alle butikksjefane stod i inngangen og ønska kundane velkommen.
− Ein stor dag for Eid
Etter fleire år med planlegging, grunnarbeid, bygging og innflytting, opna endeleg det nye kjøpesenteret Amfi Nordfjord i dag, 20. oktober.
Ikkje berre er det komme fleire nye butikkar, men det er også utvida opningstid til klokka 19.00 kvardagar, og i helgane til klokka 17.00.
Ordførar Alfred Bjørlo takka dei to eldsjelene Bjørn Kåre og Ivar Moen, og kalla denne dagen ein merkedag for Eid.