Den 21. juli vert mobiltastaturet SwiftKey tilgjengeleg på nynorsk. Der ordlister på mobiltastatur tidlegare har måtta lærast opp til å akseptere nynorsk, kan no mobilen i staden rette til korrekt nynorsk.

– Dette er veldig gode nyhende, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

– Mobiltelefonar og nettbrett er arenaen der folk brukar skriftspråket sitt.

At ordlista på tastaturet også vert tilbydd på nynorsk burde vore sjølvsagt, men slik er det altså ikkje, seier Aasbrenn.

Når no Swiftkey går føre, vonar leiar Magne Aasbrenn at fleire vil følgje etter.

– Eg brukar iphone sjølv, og har lenge ynskt meg at Apple skal tilby nynorsk ordliste på mobil og nettbrett. Eg håpar at dette kan gjere utslaget, seier han.

SwiftKey er ei gratis programvare tilgjengeleg for nedlasting i Google play store. Mobiltastaturet finst på over 100 språk på 250 millionar einingar over heile verda. SwiftKey er eit språkbasert selskap med hovudsete i London og er opptekne av å fremje alle språk, inkludert små språk som nynorsk.

– Vi veit at språk er uløyseleg knytt til å ta vare på kultur og ynskjer å medverke til å oppretthalde det språklege og kulturelle mangfaldet i verda, seier dei i ei pressemelding.

Førebels ligg programmet berre føre for androidtelefonar.