– Det blir tryggare. Bilane køyrer ikkje så fort, vi rekk å gå over vegen, og dei tre jentene kan vere frittgåande, forklarer nokre av gutane, som sjølv går, syklar eller bruker sparkesykkel til og frå heimen i Melvegen og Nordfjordeid skule.

Dei nye fartshumpane er plassert i ein bakke på ei bein strekning på vegen til Prestemarka,der ein del bilførarar har hatt ein lei tendens til å gasse opp, både oppover og nedover. Det er fortau berre på ei side av vegen, strekningsvis på den eine og på den andre sida. Det inneber at somme av skulebarna må krysse Melvegen opptil fleire gongar.

Ros til kommunen

Bakgrunnen for at det no er blitt etablert fleire fartshumpar, er at småbarnsforeldre som bur langs vegen kontakta kommunen og fekk lovnad om dette.

– Det er veldig stor forskjell. Dette har vore ei fartsstrekning, og vi merkar allereie at det har blitt eit heilt anna køyremønster, seier foreldra Jannicke Hagen Henden og Hilde Kroken. Dei gjev ros til kommunen for rask respons.

– Dei tok oss på alvor. Eg synest det har gått utruleg fort, seier Hagen Henden.

Passeleg bratte

Også ein bilførar som Fjordabladet har snakka med, rosar dei nye fartshumpane. Han seier at dei er akkurat passelege til å køyre i 30 km/t over, slik fartsgrensa er i dette området. Vedkomande er derimot ikkje heilt nøgd med fartshumpane som er lenger oppe og lenger nede frå før. Dei er brattare, og ein må godt under fartsgrensa for å kome seg over på ein skapeleg måte.