Bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane er letta over at det verken blir skatt på dei viktige IBU-midlane til landbruket, eller endringar i jordbruksfrådraget. Han ser likevel skår i gleda, ikkje minst vil auka CO2-avgift på avgiftsfri diesel råke næringa.

– Eg vel i utgangspunktet å sjå positivt på det endelege statsbudsjettet, men det kjem også endringar som vi svært gjerne skulle vore forutan, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag i ein uttale.

Diesel og myr-forbod

Han ser spesielt to punkt som vil råke bøndene.

– CO2 avgifta blir auka med 20 øre på avgiftsfri diesel. Dette er dårleg nytt då det ikkje finst alternativ, i alle fall ikkje i distrikta. Det fører til auka kostnad for bonden, utan at bonden er i posisjon til å auke inntektene, seier Felde

– I tillegg ser det ut til at regjeringa skal legge fram eit forslag om forbod mot nydyrking av myr. På mange mindre vestlandsgardar, der ein må nytte det vesle arealet ein har, vil dette kunne vere til hinder. Samstundes veit vi at det finst forsking som viser at omgraving av grunn myr med mineraljord under, ikkje har noko særleg store klimautslepp, påpeikar han.

Vil ikkje svartmåle

Bondelgagsleiaren vil likevel ikkje svartmåle situasjonen etter budsjettforliket mellom regjeringspartia og samarbeidspartia Venstre og KrF.

I Regjeringa sitt budsjettforslag var det snakk om å innføre skatt på såkalla IBU-midlar (investering og bedriftsutvikling i landbruket).  Dette er midlar som er avgjerande for unge bønder som ynskjer å satse på landbruk, mellom anna investeringar i nye fjøs. Felde kalla forslaget horribelt då det kom, men gler seg over at det no er reversert.

– Det er eg godt nøgt med, seier Felde.

Regjeringa føreslo også å endre jordbruksfrådraget frå kun å gjelde enkeltpersonar til også å omfatte aksjeselskap. I budsjettforliket er også dette forslaget borte.

– Det er positivt, seier Anders Felde.

Men CO2-avgifta på avgiftsfri diesel, skulle han gjerne sett ein pennestrek over.

– Dette gagnar i alle fall ikkje allereie hardt pressa distriktsbønder i Sogn og Fjordane, fastslår Felde.