Deretter sette dei seg saman og skipa Stad Arbeidarparti. Det skjedde ikkje heilt utan forviklingar. Problemet var at valnemnda, som bestod av leiar Liv Stokkenes Jacobsen, Wenche Bosnes og Kjell Haugland, ikkje hadde klart å finne nok damer til å sitje i styret. Forslaget som låg på bordet inneheldt fire menn og ei kvinne. Berner Midthjell som leiar, Torild Natvik som nestleiar, Ådne Reidar Nes kleppe frå AUF som sekretær, Svein Barmen som kasserar og Åge Lundebrekke som styremedlem, dei to siste frå Selje.

I utgangspunktet ønskte valnemnda ei dame og ein mann frå både Eid og Selje, men det hadde altså ikkje lukkast å finne ei Ap-kvinne frå Selje som var villig til å sitje i styret i Stad Ap, og det var visst heller ikkje flust av kvinner i Eid som ønskte styreplass. Siri Sandvik hadde sagt seg villig til å vere kvinnepolitisk kontakt, men ville ikkje ta på seg styreverv.

Hans Petter Gilleshammer var på skipingsmøtet den som var mest kritisk.

– Det er trasig å sjå at det er fire menn og ei kvinne innstilt til styret. Slik kan vi ikkje ha det. Vi i Ap sit og frontar kvinnesak i kommunestyret, og så sit vi og gjer like eins i vårt eige styre. Det går ikkje an. Det må to kvinner inn, understreka han.

Leiaren i valnemnda Liv Stokkenes Jacobsen forklarte at dei i sitt arbeid hadde lagt stor vekt på at det skulle vere likt fordelt mellom Eid og Selje, og damer frå Selje fekk dei ikkje, og heller ikkje frå AUF.

– Vi er klar over at det er underrepresentasjon av kvinner, men det var så langt vi kom, supplerte Kjell Haugland.

– Det smertar meg veldig at vi ikkje klarer å få ein betre kjønnsbalanse, sa Siri Sandvik. Ho lufta framlegg om å byte ut ein av mennene frå Selje, med 1. vara Eli Lote Bente Henden, og setje han inn på varaplass.

Å dytte ein frå Selje ut, vart ikkje godt motteke, og det kom fram at eit slikt forslag ikkje ville bli samrøystes.

Også leiar i valnemnda la vekt på at det er bra med mest mogeleg likskap mellom Eid og Selje, og tykte det ville vere trasig om ein blir for eidatunge.

– Då er det betre at det står som det står. Det er flotte folk det som står der, poengterte ho. Og slik vart det. Det nye styret i Stad Ap vart i første omgang valt med fire menn og ei kvinne. Men med to kvinner og ein mann som vara. Det vart sagt at dette ikkje er i strid med vedtektene til Stad Ap.

– Ser ein heile gruppa under eitt med vara, så blir det nesten 40 %, og 1. vara blir kalla inn, vart de påpeika.

Det vart også ein diskusjon om det skulle veljast for eitt år og for to. Nokre stemde imot at ein av dei to frå Selje skulle veljast for berre eitt år og meinte det burde ver to år for alle.

I strid med grunnvedtektene

Valet var gjort, og kakefesten kunne byrje. Men nei.

Kor lenge var Adam i paradis?

Fylkestingsrepresentant Torbjørn Vereide kjende seg usikker på om mannsdominans i eit Ap-styre er greitt. Han tok ein telefon til partisekretæren og fekk der opplyst at fire menn og berre ei kvinne er lovstridig utifrå grunnvedtektene. Vereide oppmoda Stad Ap om å sørge for å gjere vedtak som ikkje er lovstridig. Han stilte spørsmål om det kunne vere ei løysing å flytte AUF-ar Ådne Reidar Nes Kleppe ned på 1. varaplass, og ta 1. vara Eli Bente Lote Henden frå Eid inn som styremedlem. Som AUF-ar vil Nes Kleppe uansett ha fulle rettar i styret.

Problemet var at Nes Kleppe hadde sagt ja både til å sitje i styret og å vere sekretær, medan Lote Henden hadde sagt nei til å sitje i styret.

– Vi har ingen å byte inn og ingen andre har sagt ja til å vere sekretær, påpeika leiaren i valnemnda.

– Vi kan ikkje bryte grunnvedtektene, poengterte Siri Sandvik.

Det vart diskutert litt fram og tilbake.

– Kva straff får vi om vi bryt vedtektene?, spurde nyvald leiar Berner Midthjell.

Den som fekk det heile til å løyse seg var Nils Helge Løkling.

– Eg er den som har flest varaplassar og oppfattar meg som ein aktiv medlem.

– Som 1. vara må ein rekne med å bli innkalla. Det er liten skilnad på å vere 1. vara og vanleg styremedlem, poengterte han.

Nytt val vart gjort og Eli Bente Lote Henden frå Eid vart vald som styremedlem for eitt år, medan Ådne Reidar Nes Kleppe vart 1. vara til styret i Stad Ap. Begge dei to frå Selje vart valde for to år.

Styret i Stad Ap

Slik vart det:

Berner Midthjell er leiar og Torild Natvik nestleiar.

Med seg i styret har dei Svein Barmen, Åge Lundebrekke og Eli Bente Lote Henden.

Vara er Ådne Reidar Nes Kleppe, Ole Bosnes og Aud Sissel Orheim.

Siri Sandvik er kvinnepolitisk kontakt

– Ein historisk dag

– Ein historisk dag, seier leiar for Stad Arbeidarparti, Berner Midthjell, om skipinga av Stad Ap. Han fortel at dei i ytre delar av Eid har vore med på endring av kommunegrenser før då dei høyrde inn under Davik. Det var den gongen diskusjon om Lefdal og Midthjell skulle høyre til Eid eller Vågsøy.

NYTT PARTI: Berner Midthjell er leiar og Torild Natvik nestleiar i Stad Arbeidarparti. Årsmøta til Eid Ap og Selje Ap og skipingsmøtet for Stad Ap vart halde i Lefdal grendahus, i ytterkanten av det som i dag er Eid kommune. Frå 2020 vert både Eid kommune, Bryggja/Maurstad/Totland og Selje kommune ein del av den nye Stad kommune.