Naudetatane fekk melding om skredet klokka 03:21, og snøskredet/sørpeskredet skal ha gått over E39 ved Fessene i Gloppen, og tatt med seg ein bil.

Ein person var inne i bilen då den blei tatt av skredet, men mannen kom seg ut av bilen, og skal vere uskadd, opplyser Vest politidistrikt.

Ingen personar skal dermed vere skadd.

Skredet skal ikkje vere så stort, men vegen er stengt, og vil fortsette å halde stengt til geologar og undersøkingar med helikopter har vurdert sikkerheita på strekninga.

Det skal ha gått fleire skred i området, opplyser politiet.

Vegen har vore stengt sidan raset gjekk natt til søndag, og ny vurdering vil bli tatt klokka 11, melder Vegtrafikksentralen.

Oppdatering:

Vegtrafikksentralen vest melder om at vegen no er klarert av geolog, skredet er rydda og at vegen er opna igjen for fri ferdsel.