Eid kyrkje og Selje kyrkje er dei kyrkjene som vert sommaropne. Kyrkjene i Ervik og Leikanger vert opne etter førespurnad frå grupper.

– Vi har mykje besøk, spesielt i Eid kyrkje med alle cruiseturistane. Vi stengjer berre ned når det er seremoniar som gravferd og vigsel, men det er litt utfordringar. Vi har opplevd at nokre cruiseturistar likevel kjem inn og kikar, og det er litt vanskeleg, fortel kyrkjeverje Synnøve Smørdal Wiik.

Vi har opplevd at nokre cruiseturistar likevel kjem inn og kikar.

Turistane let seg imponere over dekoren i Eid kyrkje Foto: Ingebjørg Nilsen

Det er mellom 500-1.000 cruiseturistar som kjem innom Eid kyrkje per cruisebesøk på Nordfjordeid. Og med nær 80 skip innom bygda utgjer det mange turistar som er innom kyrkjene. – Vi tel ikkje, men vi har ein jamn trafikk når cruisebåtane er her. Turistane står gjerne i kø for å kome inn, fortel Smørdal Wiik.

Selje kyrkje vert sommaropen. Kyrkja er frå 1866. Foto: INGEBJØRG NILSEN

Ho skulle ønskje at kyrkja sjølv kunne ha guiding i kyrkjene.

– Andre operatørar kjem med guida grupper i kyrkja. Vi jobbar med å finne løysingar.

– Det er utfordrande med såpass pågang, og skulle ønske vi fekk det i meir ordna former, seier kyrkjeverja.

Det er utfordrande med såpass pågang, og vi skulle ønskje vi fekk det i meir ordna former.

– Men vi er fornøgd med at vi får halde opne kyrkjene. Det er veldig kjekt, og vi får mykje positive tilbakemeldingar om det. Nokre turistar er opptekne av kunsten i kyrkja, andre vil berre sitte og oppleve roa i kyrkja, fortel ho.

Kyrkja i Ervik vert open når det er førespuyrnad frå grupperen etter førespurnad frå grupper Foto: Ingebjørg Nilsen

Stad kyrkjelege fellesråd har fått trykt opp brosjyrar på tysk, fransk, engelsk og norsk.

– Allereie er det vekk 1.000 brosjyrar denne sesongen, så det går unna, seier ho.

– Nokre turistar legg også igjen litt pengar, men det blir ikkje store summar. Vi tek ikkje inngangspengar, så å legge igjen pengar er fritt val, seier Smørdal Wiik.

– Skulle turistane betalt for å få inn krev det at vi har tilsette der, fortel ho.

Rikt dekorert

Sidan mellomalderen har det vore kyrkje på Nordfjordeid. Eid kyrkje slik den står i dag vart sett opp i 1849. Den har plass til 750, og er den største kyrkja i Nordfjord. Den er kjent for sin rike dekor i «drakestil». dette vart gjort av treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik, og for få år sidan vart dei flotte takmåleria restaurerte.

Selje kyrkje er ei langkyrkje i tre som har Seljesanden som næraste nabo. Kyrkja har 500 sitjeplassar, og er frå 1866.