I fjor miste 113 menneske livet på norske vegar og høg fart er ei sentral årsak. Ei undersøking gjort av YouGov på vegner av Volvo og Trygg Trafikk viser at mange bilførarar heilt bevisst bryt fartsgrensa.

Sju av ti seier dei har køyrt over fartsgrensa, og to av ti seier dei ofte eller alltid bryt fartsgrensa når dei køyrer.

– Skilta farsgrense er den høgste lovlege farten på vegen, men ofte må ein køyre saktare grunna vêr, føre eller andre forhold. Likevel er det mange som meiner det er greitt å bryte fartsgrensa. Dette er problematisk, seier fagdirektør i Trygg Trafikk, Tanja Loftsgarden, i ei pressemelding.

Ein av tre svarar at dei synest det er greitt å køyre fem til ti kilometer over fartsgrensa. Ifølgje Volvo kan sjølv små fartsaukar skape betydeleg meir alvorlege konsekvensar om det oppstår hendingar.

– Dersom farten til bilen aukar med ti prosent, aukar kollisjonsenergien som førar og passasjerar må vernast mot med heile 25 prosent. Fartsgrensene er sette for å ta vare på menneske, og det er alvorleg at mange vel å ikkje halde seg til dei, seier Erik Trosby, kommunikasjonssjef i Volvo Cars Norge.

Frå og med juli 2023 vil alle nye bilar ha ein teknologi som varslar sjåføren dersom han bryt fartsgrensa. Trosby seier at mange bilar alt har denne teknologien, og varslinga minner om alarmen når ein ikkje nyttar bilbelte.

– Bilen lagar ein gjentakande pipelyd om du køyrer for fort. Det er ein effektiv måte å gjere umerksame sjåførar bevisste på at dei køyrer for fort, sjølv om ein del nok vil oppleve det som uvant å få denne typen varslingar i starten, seier han.

(©NPK)