Sommarshopping på laurdag starta med vind frå vest og tett mellom regndropane. Dermed vart det ikkje gågate og vanleg Sommarshopping. Men utover dagen vart det mindre regn, og ganske triveleg i gata. Strikking stod i alle fall på timeplanen, og fleire hadde leita fram både garn og strikkepinnar. I Bankkjellaren gjekk både praten og pinnane i ein viss fart, der gjengen rundt Strikk og Drikk hadde samla seg. Lenger borte i gata var det også mange som fann vegen til både garnnøster, oppskrifter og ny kunnskap i butikken En rød tråd. Og i Pålnaustet var mange på jakt etter dei siste godbitane for sommaren.
Nyhende →
Kreativ laurdag i Eidsgata
Laurdag under Sommmarshopping var det strikking på timeplanen.