I 2005 hadde 22 prosent av 18-åringane i fylket levd eit liv utan tannlegebor og fyllingar. Elleve år seinare har tannhelsa betra seg, og 27 prosent har aldri hatt hol.

Utviklinga for femåringane og tolvåringane i Sogn og Fjordane har vore endå betre. I 2005 hadde 75 prosent av femåringane aldri hatt hol i mjølketennene sine. I 2016 var talet 82 prosent. Mellom tovlåringane var 52 feilfrie i 2005 og 64 prosent i 2016.

Femåringar

Det er hol i mjølketennene som blir talt for femåringane. Utviklinga blant femåringane har vore god i perioden 2005–2016. Frå 75 prosent feilfrie i 2005 til 82 prosent feilfrie i 2016. 2015 var 85 prosent feilfrie. Utviklinga har flata ut og stabilisert seg dei siste åra. For femåringar er det først og fremst foreldra og deira vanar og haldningar som gjev god tannhelse. Dei gode vanane foreldra gjev borna dreg dei gjerne med seg seinare i livet også. For heile landet er det 80 prosent av 5 åringane som ikkje har hatt hol i tennene sine. Sogn og Fjordane 82 prosent

Tolvåringar

Det er også ei positiv utvikling i tannhelsa blant tolvåringane i Sogn og Fjordane. I 2005 var 52 prosent feilfrie, og i 2016 var 64 prosent feilfrie. Dei som var fem år i 2009 er med i statistikken som tolvåringar i 2016. Grunna den positive utviklinga i tannhelsa blant femåringar er det naturleg å vente ei stadig betring i tannhelsa blant tolvåringane i åra framover. For heile landet er det 59 prosent av 12 åringane som ikkje har hatt hol i tennene sine. Sogn og Fjordane 64 prosent

18-åringar

Utviklinga for 18-åringane har ikkje vore like god som blant fem- og tolvåringane. I 2005 var 22 prosent av 18-åringane feilfrie, og i 2016 var talet 27 prosent. Vi ventar at utviklinga blant 18-åringane i åra framover betrar seg i takt med det vi i dag ser blant fem og tolvåringane. For heile landet er det 23,6 prosent av 18 åringane som ikkje har hatt hol i tennene sine. . Sogn og Fjordane 27 prosent

Dei siste tjue åra har tannhelsa blant barn og unge generelt sett blitt betre. Det er no ein større del utan hol i tennene, det er færre som har mange hol, og gjennomsnittleg har talet på hol i tennene gått ned. Utviklinga har vore spesielt positiv blant 18-åringar. (SSB 2016)