Dagens profil
Namn: Andreas Gassama Bjørlo
Fødd: 1988 på Haukeland, oppvaksen på Eid
Utdanning: Økonomi, ingeniørfag, og tru det eller ei; 30 studiepoeng i fugletitting og fuglelydar
Yrke: Kadett på Sjøkrigsskulen, operativ marine
Sivil status: Sambuar med Lisa
Barn: Jobbar med saka, treng sårt nokon å leve ut mine eigne falma draumar gjennom
Bil: Nei
Husdyr: Nei allergiar hindrar meg i å ha «pelskledde» vener i huset
−Kvifor har du valt å bu i Bergen?
−Draumedama bur her. Eg bestemte meg før første date at eg skulle gjere nødvendige tiltak for å få det til å fungere med henne. Så å flytte tilbake til Trondheim hadde vore eit dårleg utgangspunkt.
− Eg ville fortsette å studere, men det var uaktuelt å vere fattig student i det som plutseleg blei ein etableringsfase i livet mitt. Sjøkrigsskolen gjev gratis utdanning, så etter ein kort eliminasjonsrunde, blei det valet.
−Kva skulle du bli då du var 12?
−Riking, er det eit yrke?
−Kva er draumejobben for deg?
−Dagleg leiar i ei teknologibedrift der eg kan skape eit miljø der smarte hovud blomstrar, og kan samarbeide om å skape teknologi som gjer livet lettare for folk.
−Kva hobbyar har du?
−Likar best å skrive, primært poesi og skjønnlitteratur.
−Kva er favorittserien?
−The Americans, ein spionserie om russiske spionar i USA.
−Kva bloggar les du?
−Ingen, aldri nokon sinne.
−Kor viktige er sosiale medium for deg?
−Dersom det er viktig å bli bitter over alle feriane eg ikkje dreg på. Veldig viktig.
−Har du ein favorittforfattar eller artist?
−No er det Yuval Noalt Harari si bok» Sapiens». Kan anbefalast på det sterkaste. Det same gjeld og Daniel Kahneman « Å tenke, fort og langsomt». Båe forklarer godt kvifor vi fungerer som vi gjer.
Likar godt hiphopartisten Kendrick Lamar og pianisten og komponisten Frederic Chopin.
−Kva er ditt feriefavorittreisemål?
−Det kjærasten meiner er best for oss. Eg er lett å ha med å gjere når det kjem til det.
−Korleis finn du «den store roa»?
−Gjennom klassiske mindfulness-teknikkar der eg prøver å observere tankane og kjenslene mine utan å bli reven med av dei.
−Kva diskar du opp med på venefest?
−Eit kjøleskap til ølen og bluetoothhøgtalar. Resten delegerer eg.
−Kva er det sprøaste du har gjort?
−Haha, eg vil ikkje få inndratt sikkerheitsklareringa, så eg svarer strikkhopp.
−Er det noko du angrar på?
−Bøttevis. Men skulle eg drage fram to ting, må det vere at eg aldri prøvde å bli profesjonell idrettsutøvar. Eg dreiv det ganske langt i fotball og boksing i min tidlege ungdom. Og det at eg prioriterte lønnsutsikter framfor interesser då eg som 20-åring valde utdanning.
−Kva synest du om heimplassen Eid?
−Sjølve plassen er eg nokså likegyldig til, men der finst mange tvers gjennom gode personlegheiter, heil ved, som eg gjerne skulle hatt meir kontakt med.
−Lengtar du nokon gong tilbake til Eid?
−Ja. Dei nemnde gode folka, det vande og kjende, kakebaksten til mor mi, og det låge stressnivået er sterkt sakna.
−Kva trur du om livet ditt om ti år?
−Slike spådommar bommar eg ofte på, men tvi tvi: fire born, same kjerring og jobb å gå til.
−Kvifor bør Eid slå seg saman med Selje?
−Det kjem kun an på økonomi. Dersom det løner seg for eidarane, er det berre å slå seg saman med begge hender.
−Er det noko spesielt som har opptatt deg i det siste?
−Å halde meg flytande gjennom vatnet med minst mogleg motstand.
−Kva er det verste du veit?
−Sutring og avgift på snus.
−Kva har du på nattbordet?
−Rot. Og tørka snus, klar til gjenbruk.