Fredag kveld og laurdag kveld er det venta 5–20 centimeter snø for delar av Vestland, melder Meteorologisk institutt. Farevarselet gjeld i Sogn og Fjordane, og frå natt til laurdag også deler av Møre og Romsdal.

– Det vil komme snø langt ned, sjølv om det i låglandet og på kysten mest truleg vil vere sludd og regn. Enkelte vil nok også kunne oppleve snø søndag, seier meteorolog Anne Solveig Andersen til NRK.

Det er også venta kraftig snøfokk på delar av fjellet i Sør-Noreg, spesielt Innlandet.

Det er oransje farevarsel for betydeleg snøskredfare i Romsdal, på Sunnmøre og i Trollheimen. Meteorologane har også utskrive oransje farevarsel om sterk ising på skip langs heile kysten.

(©NPK)