– Frelsesarmeen opplevde i fjor ein rekordstor auke i matkøane sine og i hjelp til jul. Vi trudde det var ekstraordinært, vi håpa vi nådde toppen, men dessverre har køane og behovet vorte endå større i 2023. Vi opplever ein nød som vi er redd for at vil bite seg fast og vare lenge. Hamner du først i fattigdom, kan du ende i ein fattigdomsspiral det kan ta årevis å komme ut av. Dette jobbar vi kvar einaste dag med å forhindre, seier assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen, Elin Herikstad, i ei pressemelding.

Ho understrekar at Frelsesarmeen er avhengig av at Nav er på sitt beste i ei tid der stadig fleire slit med å få endane til å møtast.

– Mange veit ikkje om at dei til dømes kan ha krav på ekstra støtte frå Nav til jul. Rettleiing om Navs tenester er også noko vi bruker ein del tid på, seier Herikstad.

Ein av fem svarer at dei er bekymra for om dei har råd til å feire jul i år i ei undersøking Opinion har gjort for Frelsesarmeen.

(©NPK)