Nokre av barna er ute og fangar humler, mens andre klatrar i tre. Det er livleg i Eid barnehage nå. Gradestokken viser jo trass alt 13 °C.
– Eg saknar ikkje snøen, seier tre jenter som klatrar i klatreveggen. – Når det er sol ute, går det an å leike i sandkassen!
Men kan vi vere sikre på at våren no er komen?
Store temperaturforskjellar
Det har på landsbasis vore ein del regn, snø og kjølig vêr i det siste, men onsdag kom temperaturane opp i 15 °C! Det er nesten ingen skyer på himmelen, og vêrvarslinga melder at det kan bli endå varmare her på Vestlandet.
I Nord-Noreg har det ikkje vore så varmt. Der har det nemleg vore ned til 15 minusgratidlegare denne veka. Heile 30 grader forskjell! Så har våren kome, eller kjem det til å snø igjen?
Det vil dei neste vekene vise.