Det går fram av ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Rapporten «Kunnskapsgrunnlag for forsterkingsbehov på fylkesvegnettet» vart lagt fram for fylkesutvalet i Vestland 2. mai. Her er det gjort levetidsanalyse på dekke og bereemnemålingar på 850 kilometer av fylkesvegane i Vestland, om lag 20 prosent av fylkesvegnettet.

Om lag 170 kilometer av dei undersøkte vegane har eit kritisk behov for forsterkingstiltak for å få lengre levetid på dekke og betre bereevne. Dei kartlagde vegane blir rekna som representative for resten av fylkesvegnettet i Vestland, og grovt rekna vil det koste om lag fire milliardar kroner å gjere dei mest naudsynte forsterkingstiltaka på dei om lag 5600 kilometrane med fylkesveg.

(©NPK)