Det er blitt meldt inn om ein e-post der vegvesen.no blir misbrukt, skriv Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Nettsvindel blir stadig vanlegare og namnet til vegvesenet blir ofte misbrukt i svindelforsøk.

Dei åtvarar mot å klikke på lenkjer i e-postar, og oppfordrar folk til å melde frå til Statens vegvese n om ein opplever nettsvindel der namnet deira blir nemnt.

(©NPK)