Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil, medan Sivilforsvaret testar tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Varslingsprøva blir gjort over heile landet, rundt klokka 12, ifølgje Direktoratet for samfunnsberedskap (DSB).

Dette er andre gong at nødvarsling på mobil blir testa.

Fleire fekk ikkje varselet

Første gong var i juni i fjor. Den gong var det fleire som ikkje fekk varselet.

– Mange av dei som ikkje fekk nødvarsel sist, hadde ikkje oppdaterte telefonar. Vi minner derfor spesielt om at for å kunne få nødvarsel på rett måte, så må du ha ein nyleg oppdatert mobiltelefon, seier direktør Elisabeth Aarsæther i DSB.

For å unngå varselet må du slå av telefonen eller setje han i flymodus frå klokka 11.55 til 12.15.

Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjere folk kjent med korleis det opplevast å få eit slikt varsel og for å sikre at systemet fungerer som det skal. I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere for å verne deg sjølv.

Tre seriar med tuting

Tyfonane blir testa kvart halvår, den andre onsdagen i januar og den andre onsdagen i juni. Testing av tyfonane blir gjort for å avdekkje tekniske feil og for å gjere befolkninga kjend med lyden og signalet.

Signalet består av tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane.

Viss du høyrer dette signalet, betyr at du skal søkje informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal stelle deg, blir gitt gjennom ulike medium, til dømes radio, TV, nettsidene til styresmaktene og sosiale medium.

(©NPK)