– Båtmotortjuvar er på ferde i distriktet. Denne motoren var forsøkt stole frå båt på Kjøs. Ein annan båtmotor er stjelt frå båt like i nærleiken, skriv politiet i Nordfjord på Facebook.

Eit vitne observerte ein utanlands registrert eldre bil på staden. Mogleg tre bokstavar og tre tal i kjennemerket. Mogleg Z som den eine bokstaven, opplyser politiet.

Også i området rundt Straumshamn i Volda kommune er det observert nokon tjuvar.

Her var det to yngre karar i ein eldre sølvgrå Golf som blei observert i det dei tok ein bensintank dei ikkje eigde frå ein av båtane på hamna.

– Har du sett noko eller kjenner til ein slik bil vil vi i hamnestyret gjerne ha beskjed, er oppfordringa på Kilsfjord båtlag si Facebookside.