Alfred Bjørlo peikar på at på Nordfjordeid er utviklinga allereie i ferd med å sprenge taket som er sett på maks 11.000 m2 når det gjeld kjøpesenter eller handelsparkar i Nordfjord.

Bjørlo viser til at eit viktig mål med fylkesdelplan for arealbruk er å bevare handelen i sentera, og han meiner at det viktige må vere å ha reglar som sikrar god sentrumsutvikling.

Det ein har prøvd å gjere i Eid er å konsentrere handelen, og Bjørlo fryktar at dei avgrensingane som ligg i framlegget til retningsliner kan verke motsett av det som er poenget. Det inneber, slik han oppfattar det, at ein til dømes ikkje kan utvide eksisterande kjøpesenter med 5.000 m2, men ein kan bygge eit nytt på inntil 11.000 m2 ein annan stad.

Ønskjer ikkje tak

– Eit tak på storleiken på eit kjøpesenter verker rart for meg uansett kvar det ligg. Dette blir eit merkeleg forsøk på å styre kvar utviklinga skal skje. I Sunnfjord og Sogn opnar ein for vekst, medan i Nordfjord vert det lagt lokk.

– Det må vere opp til handelsnæringa sjølv å finne ut kvar det er kommersielt grunnlag for å satse. Er det grunnlag for det, så bør det ikkje vere andre reglar her enn i Sogndal og Førde. Det er ingen kommersiell aktør som vil bygge eit 20.000 m2 stort kjøpesenter dersom det ikkje er grunnlag for det. Dette vil regulere seg sjølv, seier Bjørlo. Han er likevel ikkje imot all form for regulering. Han meiner at utbygging bør skje som ein del av ein samla plan for sentrumsutvikling der ein legg vekt på god tilgjenge og miljømessige omsyn, og ikkje ein auke i behov for bilbruk.

Like spelereglar

Sak om endra retningsliner er no ute på høyring, og Eid kommunevil vil kome med ein høyringsuttale.

– Vi må prøve å rydde opp i reglane. Det vil også vere ein fordel om Nordfjord seier noko samla. Vi må ha dei same spelereglane for Nordfjord som for Sunnfjord og Sogn. Om nye senter kjem i Eid eller Stryn, vil vere opp til marknaden å avgjere, seier Bjørlo. Han meiner at politikarane i denne saka går for langt i offentleg regulering.

– Det er vanskeleg å politisk styre kvar handelsnæringa skal etablere seg. Poenget er at ein ikkje bør legge noko hinder for utvikling. For å få ein del nye kjeder, må det vere eit visst volum på utbygginga, seier Bjørlo og samanliknar med turistnæringa.

–  Skal ein til dømes prøve å regulere kor stor hotellkapasitet ein kommune skal ha? Til dømes seie at no er det nok hotellsenger i Stryn, og ein bør heller satse i nabokommunane.?Det blir ein rar måte å tenke på.

–  Frå fylkeskommunalt hald har det også tidlegare vore hevda at det er aksen Sogndal – Førde-Florø ein bør satse på, og at sentra i Nordfjord er for små til å vere med i den fylkeskommunale vekstsatsinga. Er restriksjonar på kjøpesenterstorleik ein del av planen for å utdefinere Nordfjord?

–  Det er eit uttrykk for ein teoretisk tankegang der ein reknar utifrå teoretiske modellar. Satsingar som Moengården er i ferd med å sprenge dei teoretiske modellane, og det må ein ta omsyn til, seier Bjørlo som karakteriserer storleiksavgrensingane som ein form for planøkonomi som ikkje heng med i tida.

– Ein har kanskje gått seg vill i kvadratmeterutrekningar i staden for å sjå på kva som kan utvikle sentrum i staden for å utarme sentrum, seier han.

Amfi Nordfjord

Kjøpesenteret Amfi Nordfjord på Nordfjordeid vil når det opnar 20 oktober ha eit totalt areal på 11.500 kvadratmeter. I tillegg er det planlagt bygging av to sokalla «Big Boks», kvar på rundt 1.500 kvadratmeter. Det totale arealet, inklusive «Big Boks'ane», blir då på 14.500 kvadratmeter i handelsparken på Nordfjordeid.

– Vi må prøve å rydde opp i reglane, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).
Kjøpesenteret Amfi Nordfjord på Nordfjordeid vil når det opnar 20 oktober ha eit totalt areal på 11.500 kvadratmeter. I tillegg er det planlagt bygging av to sokalla «Big Boks», kvar på rundt 1.500 kvadratmeter. Det totale arealet, inklusive «Big Boks'ane», blir då på 14.500 kvadratmeter i handelsparken på Nordfjordeid.