Statens vegvesen sine kontrollørar melder at eitt køyretøy fekk bruksforbod då det hadde manglar på brems og måtte på verkstad for reparasjon. Eitt køyretøy hadde feil på bremsane og fekk frist for å reparere dette. to køyretøy var for tunge i høve til lovlege vekter, og måtte laste av før vidare køyring. Eitt køyretøy hadde så stort overlast at det vart gebyrlagd med kr 3350, og måtte laste av før det fekk fortsette. Ein lastebil vart avskilta på grunn av at den ikkje hadde godkjent periodisk køyretøykontroll. Ein lastebileigar fekk 8000 kroner i gebyr for ikkje å ha bombrikke i bilen. Og ein lastebil fekk bruksforbod for ikkje å ha sikra lasta tilstrekkeleg. Denne måtte sikrast før han fekk køyre vidare.
Nyhende →
Høge gebyr og avskilting
Under ein kontroll Statens vegvesen hadde på Nordfjordeid onsdag 21. februar fekk fem køyretøy bruksforbod og to køyretøy fekk skriftlege manglar. I tillegg vart det skrive ut to gebyr på høvesvis 3.350 kroner og 8.000 kroner.