Krev redusert utbygging av Osnestunet

foto
OSNESTUNET – SLIK KAN DET BLI: Det er gjennomført eit skisseprosjekt av arkitekt for å synleggjere området sin moglegheiter. Dette er perspektiv frå sør/sørvest som viser forslag til ny arealbruk. Ein ønskjer å auke byggehøgde slik at delar av området kan utnyttast med fire etasjar. Det er tenkt forretning på bakkenivå og kontor og bustad i dei øvrige etasjane. Ifølgje planomtalen er det lagt opp til om lag 15 bueiningar /leilegheiter i prosjektet. Ein legg opp til at det kan byggast p-kjellar for bebuarane i nybygget. Fasaden av gamle bygningar mot Eidsgata ønskjer ein å bevare slik som dei er i dag. Osneshuset og Hellebusthuset skal restaurerast og settast i stand. Skisse frå planomtale utarbeidd av Nordplan.