– Politiet i Sunnfjord erfarer at det er svært farlege narkotiske stoff i omløp i distriktet vårt. Spesielt blir nemnt eit forholdsvis nytt, og hittil lite kjent, syntetisk opiat som heiter Metonitazen, skriv politiet i ei pressemelding.

Dei skriv at det finst lite dokumentasjon om konsentrasjonar av stoffet, men det blir rekna som svært sterkt. Dei slår fast at det følgjer ein stor overdosefare ved inntak.

– Det er fare for livstruande forgifting, pustestans, overdose og død ved bruk. Alle former av dette stoffet er ulovleg i bruk i Noreg, skriv politiet.

Stoffet blir knytt til eit dødsfall i Sunnfjord. Denne opplysninga blir offentleggjord i samråd med pårørande.