– Vi har uønska aktivitet på Nordfjordeid under festivalhelga. Her er tilreisande som står bak tjuveri/lommetjuveri og slike ting. Dette er folk som ikkje er på festival, men er i området rundt på Nordfjordeid og utanfor festivalområdet, opplyser Morten Hagen, innsatsleiar for politiet.

Politiet oppfordrar folk om å passe på verdisaker og kvarandre.

– Då vil ein unngå dårleg oppleving ved å vere på festival. Det er lett for at verdisaker forsvinn om ein ikkje passar på, seier Hagen.