I Fjordabladet 8. mai 1982 kan ein lese om Hjellekrysset.

Vegkontoret ville prøve å finne midlar til utbetring av krysset mellom riksveg 14 og 15 innan 1985.

Den nye brua skulle førast opp på nordsida av den nåverande, og ein hadde tatt til med å planere overskotsmasse frå Nord til det som skulle bli det nye krysset på Hjelle.

Dag Ese ved Vegkontoret i Sogn og Fjordane sa til Fjordabladet at det vil bli ny bru og ny tilknytting til riksveg 14 når ombygginga av vegkrysset sto ferdig.

September 2017:

Vegane i krysset har blitt breiare og beinare, og der er gode og sikre gangvegar. Krysset er oversiktleg og med færre og betre avkøyrselsvegar. Bensinstasjonen og verkstaden er ikkje i forretningsmessig bruk.

Bensinstasjon: Tett opp i Hjellekrysset låg bensinstasjon og verkstad.
Smalt: Før Stigedalsvegen vart litt utvida var den kjent for å vere svært smal og svingete.