For lite kan måle seg med soloppgangen på Stadlandet.

– Spesielt når sola kjem opp klokka fire om natta på Haugsholmen. Det er ei fantastisk oppleving, seier Borgund, og får støtte frå Marita Ervik

Soloppgangen er vel verdt eit besøk.

Ventar meir besøk

Dei jobbar begge ved Stad Hotell og reknar med meir besøk enn fjoråret som regna vekk.

– Mykje folk på Stad hadde vi sett pris på. Vi ligg i alle fall betre an med bookinga på denne tida enn vi gjorde i fjor, fortel dei.

Mykje folk på Stad hadde vi sett pris på.

Og med signal om at nordmenn kjem til å ta Norgesferie i år, at det er dyrare å reise til utlandet for oss nordmenn, og at fleire frå Europa kjem til Norge, er dette som musikk i øyra for hotellfolka på Stadlandet.

– Og så må folk kome for å ete var eminente mat, smiler dei.

Arkivitetar

– Så kva er det ein kan oppleve på Stadlandet? Dei ramsar opp aktivitetsveka med Sommaraktive Stad som noko ein bør få med seg. Mange vel også å kome heim til denne veka.

Her er veldig mange fine turar ein kan gå. Dei er lette å finne fram for alle, for her er godt merka stiar.

– Her veldig mange fine turar ein kan gå. Dei er lette å finne fram for alle, for her er godt merka stiar, fortel Ervik.

Og så kan folk prøve seg på surfing i Ervik eller Hoddevika, eller med supbrett, freistar dei.

– Eller kanskje ein heller vil prøve kajakk eller yoga?, spør Ervik, og meiner her er litt av kvart ein kan prøve seg på.