Johan er borte no, men Mons og kona Jenny tek imot i nesten nytt moderne husvære på Eid. Dei har som mange andre godt vaksne bytt arbeidskrevjande hus og hage med noko meir lettstelt og sytalaust. Fabrikken, som lever i beste velgåande, er overteken av andre, men heldigvis har Mons og Jenny ein son med ein liten kjellarverkstad der Mons kan stille kriblinga i fingrane – for den er der framleis.

Ikkje nytt i Eid

Det fanst tre bedrifter i Eid som dreiv med produksjon av trevarer på femtitalet. Det var til og med ein i Hjelmelandsdalen, Espe Trevare. Dei to andre var Heggen Møbelfabrikk og Bjørlo Trevare.

Det stod ikkje skrive i stjernene om dei to karane som voks opp på Smørdal at dei skulle bli fabrikkeigarar. Johan overtok garden på Bjørhovde etter far sin, Berge, og hadde såleis arbeid, medan Mons måtte ut av bygda for å finne noko etter at han var ferdig med fylkesskulen og arbeidsskulen i Holmøyane. Etter militæret gjekk han to år på Statens Husindustriskule i Arna og fekk deretter jobb på ein ny trevarefabrikk der. No var han så smått blitt fast i snikkarfaget og vegen vidare gjekk gjennom ein periode som sløydlærar - inkludert kurs på sløydlærarskule Danmark med pedagogikk og det heile. Men det var ikkje lærar han skulle bli.

I 1957 fann Johan ut at han hadde både tid og lyst til noko anna utover gardsarbeidet. Han ringde til Mons og spurde om han ikkje ville kome heim og bli med på å starte ein liten fabrikk – med berre dei to. Plass hadde han på garden – det var berre å setje opp eit hus, og det kunne ikkje vere så vanskeleg. Mons såg at dette var ein god idé, og brukte ikkje lang tid på å bestemme seg – og så var dei i gang.

Berre ein liten verkstad

Det tok ikkje karane så lang tid å byggje seg ein verkstad. Ikkje var den så stor heller, men det skulle no berre vere dei to, så det var ikkje så farleg.

LL Smørdal snikkarverkstad var namnet, og dei produserte vindauge, dører og eitt og anna kjøkken. Materialet var for det meste fure som dei fekk frå Kjøs. Det balla på seg ganske fort og arbeidsstokken var oppe i åtte mann etter nokre år. Arbeidarane var folk frå bygda og dessutan ein del rekruttering frå skulen i Holmøyane.

Plasseringa på Bjørhovde var tungvint på mange måtar, og tanken på flytting trengde seg på. I 1972 valde Johan å konsentrere seg om gardsdrifta, medan Mons bygde nytt på Haugen og heldt fram som leiar der. No vart det andre dimensjonar og arbeidsstokken vaks til over tjue. Produkta var framleis vindauge og dører, men også trapper. På spørsmål om det ikkje er komplisert å rekne ut og konstruere detaljane på ei spesialbestilt trapp – dei går ikkje alltid rett opp og ned – smiler Mons at jau, dei som skal lage trapper må ikkje berre kunne snikkere, dei må tenkje og.

Ein av dei største kundane var Bjørlo Trevare, som var blitt til Husmorvinudet, og i 1996 enda det med at Bjørlo kjøpte fabrikken. Mons vart med nokre år til, men trappa ned på engasjementet. No nyt han pensjonistlivet, men er glad for å kunne bruke sonen sin verkstad når trongen melder seg, noko den gjer rett som det er.

Han har arbeidd med tre heile sitt liv, og det er ikkje lett å berre slutte tvert. Hammar, sag og høvel ligg stadig godt i hendene på den gamle gründeren.

Verkstaden på Bjørhovde: Her var det det byrja. Foto: Aud Hjelle
Startkapitalen: Dei tre innskytarane Johan, Berge og Mons Smørdal gjekk inn med 10.000 kroner kvar i oppstarten. Foto: Aud Hjelle