Av Arne. S. Sørland:

Ikkje alle, men mange  kom allereie fredag og starta med felles middag på Aske Gatemat & Bryggeri før vi såg framsyninga av musikalen «Sol» på Opera Nordfjord. Ei flott oppleving, var omkvede etter dette.

Laurdagen starta med eit «orienteringsopplegg» for ei byvandring, der historiske hovedattraksjonar, møteplassar og andre plassar som var sentrale for gymnasiastane under studietida, var markerte med orienteringsflagg. Vi fant også fram til historiske minnestader som ikkje var kjende frå før, heller ikkje for utflytta eidarar. «Tidendesteinen» ved Eid kyrkje er eit slikt eksempel.

Denne løypa vart gjennomført på føremiddagen laurdag, med stor entusiasme og mimring undervegs. Litt duskregn la inga demping på trivselen.

Det var elles fleire som undra seg over at bysta av den norske (eidaren) verdskjende matematikaren og professor Sophus Lie (1842-1899) ikkje hadde fått ein meir sentral og synleg plass i Nordfjordeid sentrum.

Gamlebanken med galleriet og operautstillinga til Dronning Sonja var ein fin oppleving, og eit nytt tilskot til attraksjonane på staden – og som stadig fornyar seg.

Målområdet for vandringa var restauranten Magnifikk med reservert lunsj. Etter det møtte vi på Eid vidaregåande skule, der vi fekk ei humørfylt og interessant omvising av Rektor Alf Reidar Myrstad.

Festkvelden laurdag på Sagastad starta med ei omvising og historieforteljing av teknologisjef Jacob Bredesen, som viste seg også å beherske godt sagaen om «Det brende skipet», kong Audbjørn av Fjordane og forholda rundt hans posisjon og hans liv i krig og fred. Ein kommentar blant gjengen var noko slikt som: «Synd at han ikkje var historielæraren min på gymnaset».

Runden vart avslutta med servering av aperitiff, oppe i skipet på dekk.

Sagastad nytta restauranten Magnifikk som leverandør av middagen, som var Vikingtapas med skogsbærdessert. Restaurantsjefen møtte personleg og informerte om menyen og serveringa. Sagastad sitt vertskap på tre personar sørga godt for oss på alle måtar, fram til kl. 2230, då vi tok beina fatt og vandra bort til Magnifikk for å fortsette praten i eit svært hyggeleg lag.

Takk til alle som ytte tenester og tok oss vel imot under opphaldet, og som bidrog til minneverdige opplevingar.