Til pause var Eid i føringa 0-2 etter scoringar av Sebastian Grøttå og Kristian Lefdal. Florø 2 scora dei to einaste måla etter kvilen, og dermed vart det 2-2 og poengdeling.

To andre kampar vart spelt i 4. divisjon Sogn og Fjordane i dag. Topplaga Vik og Stryn, som før dagens runde begge sto med sju strake sigrar, spelte uavgjort 1-1 på Vik kunstgras.

Tornado Måløy fekk skikkeleg bakoversveis på Fosshaugane Campus, der Sogndal 2 vann heile 9-0.

I går vart desse kampane spelt i 4. divisjon: Skavøypoll-Dale 1-0, Årdal-Høyang 3-1. Kampen Bremanger-Førde 2 blir spelt søndag.