Med torsdagens heimesiger på Eid stadion kappa Eid ned på forspranget Skavøypoll har på tabellen. Før Vågsøy-laget skal møte Førde 2 på bortebane søndag, er det to poeng som skiljer laga.

– For at vi skal ta seriegull må Skavøypoll tape poeng. Dersom dei klarar å halde tabelltoppen gjennom heile hausten er det berre å ta av seg hatten, seier Eid-trenar Bjørn Totland.

Straffebom og stolpeskot

Det gjekk lenge før Eid klarte å score på grøntrøyene frå Kaupanger, men i siste halvdel av andre omgang losna det. På litt over 20 minutt sette Eid inn fire scoringar, og tok til slutt ein trygg siger.

– I førre kamp mot Tornado Måløy var vi best før pause. No var det omvendt. Vi sleit med presisjonen i første omgang, der vi hadde både straffebom og to stolpeskot, seier Bjørn Totland.

Fekk inn friske bein

Han er godt fornøgd med at laget heva prestasjonen etter kvilen.

– Då går det fortare og meir presist. I første omgang prøvde Kaupanger å spele fotball, noko dei til tider lykkast godt med, men i andre omgang la dei seg veldig lågt i bana og klarerte. Det går ikkje i 45 minutt mot oss, seier Totland.

Eid gjorde til saman seks byter etter pause, noko Totland meiner hadde positiv innverknad.

– Det var positivt å få inn friske bein, og til slutt fekk vi hol på byllen, seier Bjørn Totland.

Simen Lefdal var sjuk og var derfor ikkje i kamptroppen til Eid. Sindre Hafsås var ute med skade. Neste heimekamp for Eid er komande fredag mot Høyang. Der må Sebastian Grøttå stå over med karantene, etter å ha fått sitt tredje gule kort for sesongen mot Kaupanger.

Kampfakta

4. divisjon menn, Eid Stadion

Eid - Kaupanger  4-0 (0-0)

Mål:

1-0: Kristian Lefdal (66)

2-0: Vebjørn Høynes (67)

3-0: Henning Haugen (73)

4-0: Joachim Joensen (88)

Dommar: Tor Henning Mardal, Fjøra

Assistentdommarar: Steinar Hole, Jølster og Rune Haugland, Haugen

Gult kort: Sebastian Grøttå, Eid

Eid: Sander Torheim Frislid, Sebastian Grøttå (87: Stijn van Oorschot 87), Adrian Hagen Henden, Henning Haugen , Håvard Holmøyvik , Marius Henriksen (74: Daniel Myklebust), Kristian Årskog (46: Muktar Ferej Yassin), Vebjørn Høynes (81: Joachim Joensen), Johannes Myklebust (46: Steffen Glosvik), Daniel Haus (63: Bjørn Totland), Kristian Lefdal

Tabell 4. divisjon

Skavøypoll 13 12 1 0 44 - 15 37

Eid 14 11 2 1 71 - 17 35

Førde2 13 10 0 3 50 - 24 30

Høyang 13 7 2 4 43 - 23 23

Vik 13 6 1 6 33 - 29 19

Dale 13 6 1 6 33 - 33 19

Bremanger 13 5 1 7 23 - 36 16

Tornado Måløy 13 4 2 7 30 - 36 14

Kaupanger 14 3 2 9 19 - 32 11

Gaular 13 3 2 8 23 - 47 11

Sandane 13 3 1 9 11 - 29 10

Fjøra2/SIL3 13 1 1 11 13 - 72 4