Jordskjelvet er registrert ca 120 km vest for Førde klokka 06.40 tysdag morgon.

I følgje jordskjelv.no hadde det ein styrke på 3.8. Djupna er førebels anslått til å vere 10 kilometer.

Hendinga er analysert av NORSAR.

Vest politidistrikt opplyser til NTB at dei ikkje har fått nokon telefonar om skadar relatert til jordskjelvet.

Kjende du jordskjelvet?