Det skriv Forskning.no.

Norsk idrett er kjent for at svært mange er innom i barneåra. No har forskarar fått bekrefta dette gjennom undersøkinga som viser at tre av fire frå 10–12 år trenar og er med i idretten.

Professor og leiar for Forskingssenteret for barne- og ungdomsidrett Åse Strandbu meiner likevel at tala må sjåast som eit varsku om at idretten ikkje klarer å fange opp dei som treng han aller mest.

– Denne studien viser det vi har sett tidlegare i ungdomsidretten. Det er mange barn med lågare sosioøkonomisk status som er med, men den sosiale ulikskapen er tydeleg. Det er tydeleg sosial ulikskap i idrettsdeltaking blant barn i Noreg, slår Strandbu fast.

(©NPK)