Vil du oppleve klosterøya Selja med Selje kloster er klosterbåten rette framkomstmiddel.

I skulen sin sommarferie vil den gå frå Selje sentrum to gonger for dag, der ein får guida informasjon ved klosterruinane før ein tek turen tilbake til Selje.

Det er firmaet Fjordguiding Selje ved Saron Osmundsvåg og Ketil Hantveit som står bak klosterbåten. Dei driftar også ein mindre båt som vanlegvis går i skulerute til Bø på Selja, der også den kan brukast om sommaren.

Mange norske

Saron Osmundsvåg starta opp med å drifte klosterbåten i 2019. Etter det kom det to år med korona, men likevel bra med folk som brukte båten. Under to år med pandemi var det dei norske turistane som heldt liv i båten, opplyser Saron Osmundsvåg.

– Vi har hatt ein bra oppstart sidan vi etablerte oss 2019, til trass for korona og fråvær av utanlandske turistar. I 2020 hadde vi 3600 passasjerar på båten, noko som var ein oppsving frå 2019. Og i 2021 var det 4300 passasjerar som tok båten, medan talet var 3100 i 2022. No i år håpar vi på fleire utanlandske turistar og at dei norske held fram med å bruke båten, seier Osmundsvåg.

Og skal du nytte deg av båten til klosterøya er det lurt å tinge billett på førehand. I alle fall i toppsesongen som er i skuleferien.

Fjordguiding Selje har også ein ribbåt som kan leigast ut frå Selje eller ut frå Nordfjordeid. Foto: privat

Helgane i skuldersesong

I mai og etter sommarferien fram til siste september går

båten fast ut til Selja i helgane, med ein tur for dagen. Også då med guida turar. Men for større grupper er det også mogleg å bestille båten utanom oppsette tider. Då kan ein også bestille turar med den mindre båten som også er i selskapet, og som blir nytta til skulebåt om vinteren.

– Vi er fem, seks stykke som køyrer desse turane. Dette er folk som har turnusarbeid på sjøen, og som køyrer klosterbåten når dei er heime, opplyser Osmundsvåg som sjølv har bakgrunn frå jobb på ein større båt.

Fjordguiding Selje har også ein ribbåt, der ein kan bestille turar på sjøen. Det gjeld både ut frå Nordfjordeid og frå Selje sentrum.