Det seier John Olav Lefdal, som er ein av interessentane bak SeaWalk på Nordfjordeid, og som meir enn gjerne tek ein sakleg diskusjon rundt etablering.

− Poenget er at debatten må vere sakleg, og ikkje påstandar om offentleg og privat mafiaverksemd, som enkelte har ytra seg om. Det er direkte usakleg og noko ein burde halde seg for god til. Alle dei andre spørsmål er saklege og greie og fortener difor også gode svar, seier Lefdal.

− I eitt innlegg stiller Henrik Leirvik ei rekkje spørsmål om landstraum, oppstilling av bussar, kapasitet i hotellnæringa, lokale trafikkale forhold og om det er plass til så mykje folk på Nordfjordeid som det eit cruiseskip har med seg. Dette er spørsmål som fortener svar, seier John Olav Lefdal.

Kapasitet

− Vi kan starte med spørsmålet om kor mange menneske ein har kapasitet til å ta imot. Når vi greier å ta imot 20.000 besøkande på Mallakoff  Rockfestival så er vi også i stand til å ta imot fire tusen menneske som kjem med cruiseskip. Tek vi eit cruiseskip med 4.000 passasjerar så er det ikkje slik at alle desse trakkar rundt i gatene på Eid. Rundt halvparten reiser på busstur, anten til Geiranger, til Briksdalen, Stryn eller til Vestkapp. Av dei 2000 som er att på båten viser erfaringar frå 25 års cruisedrift i Olden at rundt halvparten blir att ombord på skipet, medan den andre halvdelen går i land for å sjå seg om, seier John Olav som understrekar at desse besøkande vil skape grunnlag for nye bedrifter og arbeidsplassar innan turistnæringa, som er verdas mest veksande næring.

− At vi i Nordfjord, som har så mykje å vise fram og by på, også skal ha vår del bør vere opplagt for dei aller fleste. Plass er noko av det vi har rikeleg av, seier han.

Trafikk

− Kva med trafikken?

− Når vi no skal til å fylle opp ein del av området sør for dampskipskaia, vil vi også få meir plass til oppstilling av bussar. I tillegg har eg mange mål med oppstillingsplass på slakteritomta. Når bussane ved kaia er lasta opp, er det berre å fylle på med nye frå dette området. I motsetning til i Olden der turistane må krysse riksvegen for å kome til sentrum, så har vi på Nordfjordeid heile fire vegar ut av området. Vi har Sjøgata, gjennom Hola, Osvegen mot elva og Malakoff. Eg vil også legge til at etter 25 år med cruisetrafikk i Olden, så har det ikkje vore ei einaste trafikkulykke, seier John Olav.

Landstraum

− Mange har reist spørsmålet om landstraum til dei store cruiseskipa, for å redusere forureining til luft nå dei ligg under land. Ein kunne tenkje seg at Eid kommune kunne fått ein kompensasjon frå Statnett, som har bygd ei stor 420 kV-linje med nær hundre mastepunkt gjennom bygda? Kompensasjonen burde kanskje vere tilrettelegging for landstraum?

− Slett ikkje nokon dårleg idé. Det er ei sak som politikarane i Eid kommune kanskje burde jobbe vidare med. Eg registrerer at Torleif Jacobsen, har ytra seg kritisk til nettopp problematikken rundt utslepp til luft. Ein kan meine mykje om dette, men vi må vere klar over at den skip er den mest miljøvennlege måten å frakte så mykje folk på. Altså minst utslepp per passasjer. Vi ønskjer at Nordfjord skal få sin del av den veksande turistnæringa, då vil alternativet til cruiseskip vere å fly turistane 4000 personar med fly til Bergen eller Ålesund, for så å frakte dei landevegen til Nordfjord med bil. Det seier seg sjølv at det ville vere eit langt dårlegare alternativ, reint miljømessig. Det ser vi også når sentrale styresmakter no drøftar korleis ein skal få meir gods over frå veg til sjø.

Opproting og setningar

− Det blitt stilt spørsmål om at store skip, som det vi her snakkar om, vil rote opp mykje grums frå sjøbotnen og at det kan føre meir setningar i til dømes Hola. Kva er din kommentar til det?

− Det ikkje er grunn til uro. Vi snakkar om er store skip som vil kome glidande inn til SeaWalken med baugen først. Skipa vil bli fortøyde i to bøyer som har ti anker. Baugen på skipet vil ligge 200 til 300 meter frå land. Når vi i tillegg veit at skip med rundt 4000 passasjerar er over 300 meter lange så seier det seg sjølv at propellane ligg på rimeleg djupt vatn utanfor moloen. Når det er sagt så har fylkesmannen bedt om at dette punktet blir utgreidd. Det vil vi sjølvsagt etterkome.

Tek ikkje frå andre

John Olav Lefdal understrekar at det ikkje er snakk om å ta noko frå Stryn og Olden, men snarare å seie ja til cruiseskip som ein elles måtte seie nei til.

− Sett frå min ståstad ville det beste vere om vi kunne drive cruisekaia i Olden og SeaWalk på Nordfjordeid som eitt selskap. Uansett så er det ikkje snakk om å ta noko frå nokon, seier han.

Positiv utvikling

− Det skjer veldig mykje positiv i Eid for tida. Snart opnar ein den nye Sagaparken, som vil vere viktig i mange samanhengar. Sagastad er planlagt og vil kome. Desse to etableringane, er saman med den store aktiviteten elles, viktig for Eid og Nordfjord. Det vi skal ha i bakhovudet er at det er no vi skaper framtidas arbeidsplassar som våre barn og barnebarn skal leve av i framtida. I den samanheng kan det vere greitt for meg å opplyse om at både finansieringa av SeaWalk og Sagastad o er fullfinansiert.

Klargjort

Arthur Kordt, partnar i selskapet Cruise Venture som produserer Seawalk og medeigar i SeaWalk som skal utplasserast på Nordfjordeid, er kritisk til Ragnar Gjørven sine uttalar om at seawalk ikkje er klargjort for landstraum.

− Det som er situasjonen er at SeaWalk er klargjort til å ta imot denne teknologien når den ligg føre. Gjørven har fått tilbod om detaljert innsyn, men har takka nei til dette. Eg brukar ikkje å snakke nedlatande om konkurrentar, men Gjørven tek også feil når han seier at Seawalk ikkje har kabel som kan bevege seg. Forholdet er at det er teke patent på denne type kabel, seier Kordt til Fjordabladet.