Torsdag analyserte Helse Førde 86 prøver og 72 av dei er positive. Dagen før vart 22 prøver analyserte, og 18 var positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal.

Kommunane i Helse Førde sitt område kan sjølv bestemme kvar dei skal sende koronaprøver som vert tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved bruk av hurtigtestar, og det vil vere mørketal. Likevel viser Helse Førde sine tal ein trend over tid.

Over 600 positive

Mellom torsdag 10. mars og torsdag 17. mars har Helse Førde analysert 726 prøver. Av desse har 621 prøver vore positive i denne perioden.

Denne veka har 202 av 246 analyserte prøver vore positive.

Torsdag 10. mars: 224 analyserte prøver, 201 positive​​​​​​​​​​​

Fredag 11. til og med søndag 13. mars: 256 analyserte prøver, 218 positive​​​​​​​

Måndag 14. mars: 23 analyserte prøver, 17 positive​​​​​​​​​​​

Tysdag 15. mars: 115 analyserte prøver, 95 positive​​

Onsdag 16. mars: 22 analyserte prøver, 18 positive​​​​​​​​​​

Torsdag 17. mars: 86 analyserte prøver, 72 positive

Åtte koronapasientar

Helse Førde sine tal fredag viser at åtte pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde. Ein av pasientane er på intensivavdelinga.

Fire pasientar med covid-19 smitte i Helse Førde er døde gjennom pandemien.