Søndag var han på plass då Eid IL Handball var arrangørar for minihandball-turneringa i idrettshuset. Her vart det spelt 30 kampar på éin dag, med lag frå klubbar i Nordfjord. Hanebrekke tok over leiarvervet frå Bjørn Brekke på årsmøtet i handballgruppa for tre veker sidan.

Hektisk periode

– Det har vore tre hektiske veker, smiler Rune Hanebrekke, som har tatt over som leiar i handballgruppa i Eid IL i ein periode der mange praktiske ting må på plass.

– Det har jo vore ein god del jobb med påmelding av lag til neste sesong, der ein har tidsfristar som må haldast. I tillegg er det ein trenarkabal som ein må få til å gå opp, så det er ikkje berre berre, seier Hanebrekke.

Større forhold

Han har sjølv tre barn som er aktive handballspelarar, blant anna 2000-modellen Adrian som er målvakt både for 16-årslaget og herrelaget til Eid.

– Dei to eldste spelar i Eid, medan den yngste spelar i Haugen. Vi har mange lag og treningsgrupper felles med Haugen si handballgruppe, og samarbeidet fungerer svært godt, seier Hanebrekke.

Han har tidlegare vore leiar for fotballgruppa i Stårheim IL, men aldri for ein så stor organisasjon som handballgruppa i Eid IL.

– Det er litt større forhold no, ler Hanebrekke.

Stor organisasjon

Han meiner det er viktig å stille opp for barne- og ungdomsidretten.

– Det er nok slik at det er vanskeleg å få folk til å ta på seg leiarverv, same kva aktivitet det er snakk om. Eg har vald å takke ja til å bidra som styreleiar i handballgruppa i Eid IL, fordi det er eit ansvar som nokon må ta, seier Rune Hanebrekke.

Han er no leiar for ei handballgruppe som tel over 200 betalande medlemmer.