– Dette er eit stort arrangement med mange tilreisande. Det blir høg aktivitet og mykje køyretøy i Stryn sentrum samt langs rv.15 og fv.60. Husk at også mange barn og ungdom gler seg til denne helga, og kjem til å opphalde seg i sentrum på dagtid, skriv politiet i Nordfjord på si facebookside.

Politiet i Nordfjord førebur seg til motorfestival i Stryn i helga. Foto: Inger Træen

Dei minner om at trafikkreglane gjeld også denne helga.

– Køyr forsiktig, og ta hensyn til kvarandre, oppfordrar dei.

Politiet i Nordfjord stiller med fleire politipatruljar i helga.

– Vi håper alle får ei kjekk, minnerik og trygg festivalhelg, kommenterer politiet.