På grunn av koronaen fekk dei ikkje feira 60-års jubileum, men i år lukkast det.

Sist helg møttast 20 av 30 konfirmantar. I 1961 var dei 34, så dei var eit stort etterkrigskull.

– Vi er ein samansveisa gjeng som feira ilag no for 3. gong. Vi samlast på Havila Hotel Raftevold, til kaffi og kaker. Så tok vi turen til Anders Svor museum, og fekk ei fin omvisning. Trur vi alle vart imponerte over kva stor kunstnar Anders Svor var, og kor fin utstilling der var av alle skulpturane. Etterpå var det middag og sosialt samvær på hotellet.  Vi fekk fin og god service på hotellet, og middagen var av beste sort. Vi vil rette ei stor takk til hotellet for at vi fekk vere der å feire.  No har vi alt planlagt at vi skal møtast att om 3 år til 65 års jubileum, fortel Else Lungård Tystad.