No går frivillige organisasjonar, handelsstanden og ulike etatar i Stad kommune saman om å skape julegledefor dei som ikkje har allverden å rutte med; Prosjektet er tredelt; gåve til ein ukjent, ønskjetreet og matkasse til trengande.

– Alle gode krefter går saman for å samle inn julegåver til dei som slit økonomisk, og som opplever juletida som vanskeleg, fortel dei. Bak tiltaket står Røde Kors, Eid Handel, Alti Nordfjord, Frivilligsentralen i Eid og Selje, NAV Stad, Opplæring og integreringstenesta, Bu- og miljøtenesta og frivillige julenissar.

Julegåve

Julegåveprosjektet har som mål om at alle skal få ei julegåve å opne på julaftan og skal få moglegheit til å gi noko til sine nærmaste. Dei som står bak prosjektet samlar inn gåver som gjennom samarbeid blir gitt vidare til personar og familiar i Nordfjord.

Slik gjer du det: – Du kjøper eller lagar ei fin gåve (ikkje gjenbruksgåver i dette prosjektet). – Pakk den inn og merk den med kjønn, alder/storleik. – Legg den under juletreet enten på Alti Nordfjord på Nordfjordeid eller på innbyggjartorget i kommunehuset i Selje. Innbyggjartorget ønskjer at gåvene ikkje er innpakka.

– Å gi ei gåve til ein ukjent kjem godt med. Det er viktig at ein merker pakka godt, minner Astrid Grete Torheim frå Eid Frivilligsentral om.

– Tilbakemelding frå tidlegare år er at julegåver og matkasser er ting som kjem godt med, fortel Dag Sætren, leiar i Eid Røde Kors.

Det er både barnefamiliar, men også ein god del einslege som slit og treng ekstra hjelp.

Senterleiar Gro Gjerdevik ved Alti Nordfjord heng opp lappar på ønskjetreet, med gåveønskjer til barn og unge. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Ønskjetre

Nytt av året er eit eige ønskjetre, som står plassert utanfor Sunkost. Her kan du finne lappar med konkrete ønskje frå barn i alderen 0–17 år.

– Dermed kan ein enkelt ta med ein lapp, kjøpe det som barnet ønskjer seg, og levere inn til senterkontoret eller på Sunkost, fortel senterleiar Gro Gjerdevik.

Anita Førde ved Sjøkanten Cafe oppfordrar fleire lokale bedrifter til å bidra til matkassene. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Fleire matkasser

Røde Kors har i mange år hatt «Juleglede» med gåvekort til barnefamiliar. I tillegg leverer dei ut blomster til einslege.

Røde Kors organiserer også matkasser. I fjor vart det delt ut 72 matkasser.

– I år reknar vi med at behovet er rundt 100 matkasser. Vi har fått fleire flyktningar til kommunen vår, men det er NAV som deler ut, så vi veit ikkje kven som får matkassene, seier Sætren. I år har Stad Vekst sendt ut brev til lokalt næringsliv om å bidra med ein sum som skal finansiere matkassene.

Anita Førde ved Sjøkanten Cafè er ein av dei som raskt sa ja til å bidra.

– Sjølvsagt. Har ein moglegheit så bør ein hjelpe. Ein skal gjere mot andre det ein vil andre skal gjere mot deg, minner Førde om, og oppfordrar andre bedrifter til å bidra til matkassene.

Tilbakemelding frå tidlegare år er at julegåver og matkasser er ting som kjem godt med.

I kvar einaste daglegvarebutikk i heile Stad kommune står det Juleglede-handlevogner der du kan legge tørrvarer som går til trengande no før jul. Det kan vere alt frå julegodt til nøtter og mjøl. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Vogner i alle butikkar

– I tillegg har vi handlevogner i alle daglegvarebutikkane i heile Stad. Her kan du kjøpe tørrvarer og legge opp i, og som kjem godt med til dei trengande. Det kan vere alt frå peparkaker, julebrus, mjøl, sukker, nøtter til julesnop. Men her ønskjer vi ikkje kjøtvarer eller fisk, fortel dei.

Ved desse vognene står det også bøsser der ein kan legge pengar i.

Dei som treng hjelp frå prosjekt Juleglede kontaktar sine instansar eller til Frivilligsentralen.

– Vi takkar for alle bidrag som kjem inn for å skape ei god jul for alle, seier dei.