Frå naprapat til reiar: Ole Theodor Hovden har alltid vore interessert i fiske og sjø. No har han tatt over roret i familiereiarlaget Hovden Senior AS, men skal framleis vere eigar i Nordvest Naprapatklinikk, som han starta for 20 år sidan. Her er han på fisketur med borna, noko han stortrivst med. Foto: privat

Ole Theodor tek over roret i familiereiarlaget

Då han var liten reinska Ole Theodor Hovden og broren garn etter at faren hadde vore på fiske. Sjarkdrifta blei med åra til eit stort kystreiarlag, Hovden Senior AS, som Ole Theodor no tek over roret til. I mellomtida har han bygd opp Nordvest Naprapatklinikk, der Ulsteinvik-avdelinga no har fått ny eigar og drivar.