– Det er spesielt å kunne overnatte her ute, seier Kristina Myrseth, drivar av Vestkapp Restaurant/Storm ved Stad. Vestkapp er Norge sitt vestlegaste fjellplatå. Vinden kan rive hardt her ute, og mange vêrturistar kjem til Vestkapp nettopp for å oppleve vêret.

– Å få til eit overnattingstilbod her ute har vore ein draum. I 2020 søkte vi om å sette opp poddar, og då fekk vi avslag. No var vi veldig spente, men vi hadde ein litt annan søknad no, fortel ho.

I det siste har arbeidet vore i full gang med å sette opp to minitrehytter.

Dette betyr mykje for drifta og utviklinga av Vestkapp.

– Dette vil bety mykje for drifta og utviklinga av Vestkapp, meiner Myrseth, og legg til: – Her kan ein ete god mat, gå på fjellet, oppleve heile nærområdet. Det har også kome opp ein sauna i Årvika. Det er totalpakken vi meiner er interessant for folk. Det er positivt til fleire ting som er her. Aktivitet skapar aktivitet.

Kristina Leknesund Myrseth driv Vestkapp Restaurant på fjellplatået. Foto: Lindsey Bundschuh

Oppleving

– Å sove på Vestkapp må vere ei oppleving, seier ho, som har lyst å vere av dei første til å overnatte i dei nye trehyttene. – Vi må no teste ut produktet vi sel, smiler ho.

Dei to hyttene skal stå i sommarsesongen.

– Som alltid kjem sikkerheit først, og vi har ikkje dei verste stormane på denne tida av året, fortel Myrseth.

Foto: Nils Ole Refvik

Flyttbare hytter

Heile konseptet byggjer på at trehyttene er flyttbare, og at dei ikkje skal etterlate spor i naturen. Difor vert dei bolta og festa ned i stein. – Det blir ikkje synleg når dei vert tatt bort, seier Myrseth.

Det blir ikkje synleg når dei vert tatt bort.

Under arbeidet med å sette opp trehyttenee på Vestkapp. Foto: privat

Det er to trehytter som no er sett opp – med ei dobbelseng i kvar hytte. – Eg er ikkje bekymra for sauene her oppe på platået, for at det ligg nokre turistar i to hytter, seier Myrseth. – Masseturisme frå cruiseskip som har dårleg tid er noko heilt anna. Men dette har ingenting med hyttene å gjere, kommenterer ho. – Det er ein grunn til at vi har to hytter og ikkje 20. Her skal ein kunne få eit avbrekk i kvardagen og nyte naturen som vi er så heldige å ha rundt oss, seier gründeren.

Foto: Nils Ole Refvik

Utvikling

Ho drøymer om å få heilårsdrift på Vestkapp. – Vi arbeider med ein heilheiltleg plan for utvikling av tomta på Kjerringa. Det tar tid å få noko permanent. Hyttene vi no set opp er mellombelse tiltak for to år. Då får vi testa marknaden for overnatting på Vestkapp, fortel Myrseth. Arkitekt Todd Saunders har utarbeidd eit skisseprosjekt som viser korleis ein ønskjer å utvikle området, og som spelar på lag med naturen og landskapskvalitetane.

– Vi vil ikkje ha noko stort og ruvande, påpeikar Myrseth.

Vi vil ikkje ha noko stort og ruvande.

No vert det trehytter på Vestkapp, der du kan overnatte. F.v. Kristina Myrseth, Olav Aabrekk og Marius Tenden frå Gloppa AS Foto: Ingebjørg Nilsen

No er ho glad for samarbeidet med Gloppa hytter som lagar trehyttene.

– Hyttene er 2,5x5 meter, og med glas i front, så ein får nyte utsikta, fortel Olav Aabrekk i Gloppa hytter.

Arbeidet med å sette opp hyttene har vore i full gang i det siste. Målet var at hyttene skulle stå ferdig til bruk til 12. juni. Tidsramma heldt.

– Når prosjektet er over og hyttene blir tatt bort blir det ikkje mogleg å sjå at dei har stått her om ein ikkje veit det, meiner Aabrekk.

Mykje i Nordfjord

Mange turistar tek turen til Vestkapp for å oppleve spektakulært landskap eller skiftande vêr. Sjølv tek ikkje Myrseth ferie på sommaren.

– For kokkar er det full jobbing i sommar, og vi tek ferie når det passar, fortel ho. – Men kva vil du råde andre til å få med seg i nordfjord når dei er her? – Sagastad på nordfjordeid er verdt eit besøk. Det same er Seljesanden, Hoddevik, Refviksanden og Knutholmen. Og så har vi alle dagsturhyttene rundt omkring. Ein kan finne mange fine turar, meiner Myrseth. – Det er litt for ei kvar gruppe, meiner ho.